- Ein blågrøn vind med raudt i kasta

- En blågrønn vind med rødt i kasta, var dei allereie kjende orda ein stolt John Opdal (H) ytra under pressekonferansen der han kunngjorde at Høgre, Venstre og Senterpartiet saman med Raudt har danna eit valteknisk samarbeid for å få fleirtal i kommunestyret i Odda. NyeOdda er vel også med, men sjølv om dei er store er dei likefult marginale.

Det at Raudt er med på å støtte eit blågrøn politisk leiing i kommunestyret er oppsiktsvekkjande. Det same er det faktum at Raudt får meir gjennsomslag for sin politikk på denne måten enn det dei har fått med Ap-styre dei fire siste åra. Ikkje desto mindre er det sers gledeleg. Raudt sine veljarar kan vera nøgde med dette resultatet. Ikkje berre fordi Raudt får gjennomslag for eitt av dei viktigaste politiske prinsippa sine, men også fordi det er med på å gje Raudt i Odda påverknad på område som er viktige. No seier rett nok Gard Folkvord (Ap) at Raudt har fått tilsvarande tilbod frå dei, men eg er viss på at Raudt også har ønskt eit maktskifte i Odda.

Ap-hegemoniet er over
Etter om lag 90 år med ordstyrar frå Arbeidarpartiet (avbrutt her og der av NKP) er det positivt med eit regimeskifte i Odda. Sjølv om Arbeidarpartiet er det udiskutabelt største partiet i kommunen, opplever dei ein tilbakegang. Dei har mista i overkant av 3 % av røystarane og eitt mandat i kommunestyret. Men dei har også mista ordføraren. Ikkje fordi Ap ikkje har god politikk eller færre røyster no enn tidlegare, men på grunn av ordføraren dei fire siste åra ikkje har makta å samla kommunestyret. Mangel på samling har gjeve lite samarbeid og samhandling. Difor har det  heller  ikkje skjedd noko i Odda dei siste åra. Ikkje noko som monner.

Det Odda treng er ein ordførar som har evna til å samle politikarane og skape samarbeid blant dei!

Ikkje overraskande er avtroppande ordførar Gard Folkvord kritisk til at han ikkje lenger får halde fram som ordførar. Uttalelsane han kjem med til NRK Hordaland tyder på at han ikkje heilt har sett kva som ikkje har skjedd i Odda. Folkvord går også hardt ut mot Raudt, og meiner at dei kjem til å tape på alliansen med Høgre. Det er mogleg, Gard, men dei har i allfall fått gjennomslag for ein viktigare sak no enn dei fekk med fire år med deg som fleirtalsleiar.

- Nei, jeg tror ikke det er nødvendig, sier han til NRK. Det er en balansegang mellom det å samle, og det å føre politikken i en bestemt retning.

Det Folkvord openbart ikkje har fått med seg er korleis det har gått med Odda sidan han tok over som ordførar. Sidan 2007 har 169 Oddingar meldt flytting frå Odda. Eg er ein av dei. Det å hevde at Folkvord kan ha blitt oppfatta som arrogant er neppe å ta for hart i. Det har han tapt på. Den førre ordføraren frå Arbeidarpartiet, Toralv Mikkelsen (99-07), mista 487 Oddingar. Det kan forklarast med at Odda Smelteverk la ned produksjonen i denne perioden. Folkvord sitt tap kan derimot ikkje forklarast like enkelt. Den viktigaste grunnen, trur eg, er mangel på etablering av varige arbeidsplassar. Som ein kan sjå av grafen under, gjekk talet på ledige ned i slutten av Mikkelsens periode. Samstundes vart også utflyttinga bremsa noko. Sidan 2007 har arbeidsløysa auka, men utflyttinga var lågare ein periode, men i 2010 er den tilbake på pre 2007-nivå.

Registrert arbeidsløyse i Odda 1999-2010 (Kjelde: Statistisk sentralbyrå)

UNESCO og Smelteverket
UNESCO er – etter mi meining – det beste alternativet for Smelteverkstomta. Mykje av det som står att på området er unikt i verdssamanheng, og det er vår plikt å ta vare på det. Det er dette som har vore med å skape Odda – på godt og vondt. Industrien skremde turismen bort på starten av 1900-talet. Den tok over Odda. Den har fått Odda til å vakse. Industrien er det moderne Oddas historie. Odda må heidre den. Vera stolte av den. Odda var med på å byggje landet. Det er noko å vera stolt av! Faen, Odda har vore med på å byggje verda. Oddaprosessen er verdskjent. Den vart utvikla i slutten av 20-åra på Smelteverket. Prosessen er framleis i bruk av fleire store føretak, primært i Europa.

Korleis det var å arbeide på Smelteverket, produksjonsmetodar og arkitektur har ei interesse utanfor Odda. Det har ei interesse for verda. Difor må delar av Smelteverket takast vare på, og gjerast om til noko menigmann kan vitje. Eg gler meg til å kunne få lov til å vitje det som under heile min oppvekst har vore forbode område.

Det å tru at alt kjem til å bli så mykje betre dersom ein byggjer eit badeland eller kjøpesenter på smelteverkstomta er som å tru på nissen. Det kjem ikkje til å sjå. Dersom ein flyttar næringsverksemder frå andre delar av Odda til smelteverkstomta, kjem andre delar av sentrum til å vera daudt. Det er ikkje ein stor nok marknad til å totalt berre å auke næringsverksemda. Aktivitet på smelteverkstomta må også vera av verdiskapande art. Det kan også etablerast ein del tenesteytande verksemder, men dei må hovudsakleg rette seg mot verksemdsmarknaden. Det hadde heller ikkje skada å fått ein del offentlege arbeidsplassar til tomta.

Det er ikkje ofte eg siterer Gro Harlem Brundtland, men då ho var på besøk i Odda sa ho mellom anna

Tenk positivt, bruk Odda!

og akkurat det har vel aldri vore så viktig som det er no. Odda! Bruk det de har! Sjå på Notodden. Dei har klart å kombinere mykje gammal industri med ny industri og ein del nyvinning.

Er Odda historie?
Eg har veldig lyst til å seia nei, men statistikken ser dyster ut. Med eit negativt fødselsoverskot og negativ folketilvekst sidan 80-talet er det ikkje mykje som tyder på at Odda kan klare seg. Med mindre det skjer noko.

Graf som syner folkemengda, folketilveksten, fødelsoverskotet og nettotilflytting for Odda 1951 - 2011

Folkemengd, folketilvekst, fødselsoverskot og nettotilflytting til Odda 1951-2011 (Kjelde: Statistisk sentralbyrå)

Befolkingsframskriving for Odda kommune 2015-2040 (Kjelde: Statistisk sentralbyrå)

Kven er Odda?
Odda er gamlingar. Grafen under viser demografien i Odda per 2001. Den er ti år gammal, men det er den nyaste som er tilgjengeleg på Statistisk sentralbyrå sine internettsider, ssb.no. Oddingen er sutrete. Oddingen føler seg svikta av storsamfunnet. Det kan vera noko sant i det. Spørsmålet er om Odda har klart å bruke dei sjansane dei har fått. Til det spørsmålet vil eg inntil vidare svare nei på. Eg har tru på at det kan skje mykje framover.

Oddingen har vore modig. Oddingen har stemt nytt. Bygdelista, NyeOdda, går jamt oppover sidan førre kommuneval. Partiet er ikkje lenger ein marginal aktør i kommunen, sjølv om eg oppfattar dei som det. Høgre er større enn på lenge, og har no fått ordføraren. Eg trur ein kan seie at Oddingen er desperat. Desperasjon fører ofte til nye tankar og grep.

Demografisk fordeling i Odda (Kjelde: Statistisk sentralbyrå)

Kva skjer framover?
Det er vanskeleg å spå om framtida, men eg skal freiste meg likevel.

Det kjem til å gå nedover med Odda ei stund framover. Kommunen kjem til å byggje fleire og fleire sjuke- og aldersheimsplassar. Denne enorme utbygginga tek etter kvart knekken på kommunekassa. Denne negative utviklinga held fram heilt til Haukelibana kjem, og gjer det mogleg å dagpendle mellom Odda og Bergen/Oslo. Oddingen vil kanskje meine at det er lenge å reise heilt til Oslo for å gå på jobb, men det vil vere mogleg. Det er overraskande mange som i dag reiser mellom Lillehammer/Larvik og Oslo. Det er ein togtur på 2-2,5 timar.

Haukelibana binder aust og vest saman på ein måte som ein ikkje har sett sidan Bergensbana. Den gjer det mogleg for Oddingar (og andre) å bu der det kan vera attraktivt å bu, og arbeide der det er atraktivt å arbeide.

Dette innlegget er skrive som privatperson av ein utflytta odding som er glad i hemplassen sin, men som ikkje kan sjå for seg å flytte tilbake med det første. Den skildrar og omtalar Odda slik forfattaren opplever Odda i dag. 

Byen som eg kjente som min…

Byen som eg var så glad i har no i stor grad blitt øydelagt. Kva som får 187 færre til å bruke røysteretten ved dette valet enn ved førre kommunestyreval er utanfor kva det eg maktar å forstå. At heile 231 menneske i Odda har røysta på Demokratene gjer meg vondt. Demokratene skriv på heimesida si, www.demokratene.no, (mellom anna) dette om innvandring:

“Milliarder av fattige vil derfor søke å bedre sine levevilkår ved å flytte til rike vestlige land. Masseinnvandring til vestlige land vil medføre betydelige problemer, som det er vanskelig å løse. Det blir flere til å dele på all realkapitalen, som veier, bygninger, skoler osv, på, samt flere til å dele råvareinntekter som olje, gass og fisk.”

Som om dette ikkje vitnar nok om kva for syn partiet har på andre menneske, så held dei fram med følgjande godbitar:

  1. asylsøkere skal oppholde seg i kontrollerte mottak inntil søknadene er ferdigbehandlet - Korkje asylsøkere eller andre innvandrarar gjer noko straffbart ved å komme til landet vårt. Difor er det ikkje riktig at dei skal behandlast som kriminelle. Det er også destruktivt å gå utan noko å gjera innelåst i ein leir.
  2. ordningen med å gi asylsøkere opphold på humanitært grunnlag oppheves - eg føler at det ikkje er naudsynt med noko kommentar her. 
  3. alle asylsøkere testes for HIV for å forebygge spredning av Aids, og det skal tas DNA-prøve av samtlige asylsøkere, som registreres i det nasjonale DNA-registeret – Kvifor skal dei som kjem til landet vårt absolutt behandlas som kriminelle? Vi tek heller ikkje prøvar for HVI/Aids for alle som går ut av ungdomsskulen. 
  4. utlendinger som begår grov voldskriminalitet skal utvises, selv om opprinnelseslandet praktiserer dødsstraff – Demokratene skriv i sine prinsipp at dei er bygd på mellom anna menneskerettane. Dette vitnar ikkje om det.
Dette er jo festlig. Rett nok er ikkje dette saker som er relevante i lokalval, men for meg er dette nok av grunnar til å ikkje røyste på dei. At Demokratene i Odda også er i mot UNESCO og å skape liv på dei verna områdene på Smelteverkstomta er nok ein grunn til å ikkje gje dei ei røyst. Det som må skje på Smelteverkstomta er at den blir levande. Den blir ikkje levande ved å rive alt som er der! Det vil vera mogleg å skape liv på området dersom ein slår saman det nye med det gamle. Det vil vera råd å bruke fleire av dei eksisterande bygningane til næringsverksemd.

Det var glade unge år som eg hugser som igår – i den byen som eg kjente som min.

Det Odda eg hugsar var verdt å kjempe for. Det var verdt å bevare og utvikle. I dag er eg ikkje sikker på om eg meiner det same. Odda må kunne bruke Smelteverkstomta til noko bra. Kombiner bevaring og utvikling. Det er mogleg. Det er allereie gjort på tomta. Bevar det som er verdt å bevare, og vis det fram. Odda er ikkje historie, men Oddas historie er viktig!

Bruk historien om Odda til å unngå at Odda blir historie!

Deserted Odda smelteverk Photo by: Bjarte Leivestad

Photo by: Bjarte Leivestad

Reiserekningar

Reiserekningar er noko herk, samstundes som eg elskar det. Sjølve prosessen med å skrive reiserekninga er magisk. Gjenskape reisa i hovudet. Tenkje på alt det som var så flott med reisa. Den hyggelege purseren, den pulserande stemninga på toget eller flyet og mykje anna kos. Det er så mykje godt å tenkje tilbake på. Til dømes korleis det var å reise billettlaust eller lukka over ikkje å måtte sjekke inn bagasje.

Eg har oppdaga ei teneste som Fornyingdepartementet gjev bort gratis! Reiseregningen.no er ein undervurdert teneste som få veit om. Den gjer det å skrive reiserekning til ein leik. Ikkje berre gjev den deg ein upåklageleg blankett, men den hjelp deg med å hugse tillegg, fråtrekk og alt anna som det er fort å gløyme.

Eg har laga ein rask steg for steg guide til korleis du skal bruke tenesta. Du finn den på www.fjaera.com/RR.

Snusslutt: Dag 8

Nå er det over en uke siden jeg har kjøp snus. Det har jo blitt inntatt noe nikotin hist og her (senest i går kveld, 4-5 prosjoner), det er mykje betre enn det eg har venta. Nikotinsuget er også mykje mindre sidan eg har gitt meg sjølv lov til å ta ein porsjon i ny og ne.

Status: i går 5 porsjoner

Framdrift: dag 8 og prosjektet kan snart gå over i neste fase!

Snusslutt: Dag 6

Ja, då var det snart gått ei veke sidan prosjektet tok til, og eg må vel sei meg nøgd med resultatet så langt. Dersom ein ser bort i frå nokre få uheldige episodar med bomming av ein pris eller tre, har dette vore ein vilkårslaus sukkess.

I kveld kjende eg suget etter nikotinen igjen, og var nære ved å reise til Karlsrud og kjøpe gift på Kiwi. Det gjorde eg ikkje. I staden så sykla eg frå meg til Sportsplassen og Holtet. Sidan eg var kome så langt, bestemte eg meg for å sykle vidare til Ljabru. Som sagt så gjort. Frå Ljabru gjekk turen vidare til Sæter og så til Lambertseter. Frå Lambertseter bar det strake vegen heim.

Progressjon: dag 6

Status dag 5 og 6: 1 pris med porsjonssnus

Snusslutt: Dag fem

Den femte dagen var vanskelig. Vi var på synfaring med jobb i heile dag, og det var kjempefristande å kjøpe – eller bomme – snus. Men, etter god støtte frå facebook-Silje vart ikkje det noko av.

Etter ein lang synfaring, var det tilbake til arbeidsplassen for å arbeide vidare. Etter nokre timar til med arbeid var det på tide å sykle heim. Då eg var komen til Ryen fann eg ut at eg ville sykle ein kjapp runde rundt Østensjøvannet, og la på ei ekstra mil til på reisa heim. Etter runden rundt Østensjøvannet, var eg fortsatt lysten på litt nikotin, så eg fortsatte til Klemetsrud. Etter Klemetsrud gjekk turen til Langbølgen, Karlsrud og så heim. Like keen på nikotin, men sliten. Deilig!