Øysteins blog http://fjaera.com Stort og smått, tørt og vått Sun, 01 Jan 2017 07:27:47 +0000 en-US hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.3 Voteforms Semi-Finals Eurovision 2013 http://fjaera.com/?p=345 http://fjaera.com/?p=345#respond Mon, 13 May 2013 20:21:31 +0000 http://fjaera.com/?p=345 Vote form 1st Semi-Final

Vote form 2nd Semi-Final

]]>
http://fjaera.com/?feed=rss2&p=345 0
Running order for the unofficial try-out Final! http://fjaera.com/?p=337 http://fjaera.com/?p=337#respond Tue, 15 May 2012 17:21:06 +0000 http://fjaera.com/?p=337 Here are the results of the running order for the unofficial try-out Final draw.

  1. United Kingdom
  2.  Bulgaria
  3.  Norway
  4.  Romania
  5.  Litaunia
  6. Switzerland
  7. Latvia
  8. Greece
  9. France
  10. Italy
  11. Finland
  12. Iceland
  13. Azerbaijan
  14. FYROM
  15. Belarus
  16. Slovenia
  17. Turkey
  18. Ukraina
  19. Spain
  20. Germany
  21. Malta
  22. Sweden
  23. Albania
  24. Cyprus
  25. Irland
  26. Russia
]]>
http://fjaera.com/?feed=rss2&p=337 0
Qualified Entries – The Unofficial Try-Outs for Eurovision Song Contest 12 http://fjaera.com/?p=331 http://fjaera.com/?p=331#respond Mon, 14 May 2012 19:58:06 +0000 http://fjaera.com/?p=331 Qualified Entries from the first unofficial Try-Out Semi-Final:

  • Ireland
  • Cyprus
  • Iceland
  • Greece
  • Finland
  • Romania
  • Latvia
  • Switzerland
  • Russia
  • Albania
Qualified entries from the second unofficial Try-Out Semi-Final:
  • Norway
  • Sweden
  • Malta
  • Ukaraine
  • Lituania
  • FYROM
  • Slovenia
  • Bulgaria
  • Turkey
  • Belarus
Pre-Qualified entries:
  • United Kingdom
  • France
  • Italy
  • Azerbaijan
  • Spain
  • Germany
The draw for the running order for the unofficial try-out final are to be published within this week.
]]>
http://fjaera.com/?feed=rss2&p=331 0
Results: Unofficial try-out 2nd Semi-Final http://fjaera.com/?p=323 http://fjaera.com/?p=323#respond Mon, 14 May 2012 19:20:51 +0000 http://fjaera.com/?p=323 The results of the private try-out for the second Semi-Final are as follows:

The different entries was evaluated by the YouTube films submitted by eurovision.tv.

You may read a full and detailed summary of the event here.

]]>
http://fjaera.com/?feed=rss2&p=323 0
Results: Unofficial try-out 1st Semi-Final http://fjaera.com/?p=303 http://fjaera.com/?p=303#respond Sun, 25 Mar 2012 00:05:02 +0000 http://fjaera.com/?p=303 The results of the private try-out for the first Semi-Final are as follows:

The try-out were conducted on the on 22nd of March. The different entries was evaluated by the YouTube films submitted by eurovision.tv.

You may read a full and detailed summary of the event here.

]]>
http://fjaera.com/?feed=rss2&p=303 0
Eurovision Song Contest, unofficial Semi-Final try-out evaluation http://fjaera.com/?p=250 http://fjaera.com/?p=250#respond Wed, 21 Mar 2012 23:53:04 +0000 http://fjaera.com/?p=250 The first Eurovison Song Contest Semi-Final will take place in the newly constructed Baku Crystal Hall, obviously in Baku, the 22nd of May this year. However, we do not possess the patience to wait until then before giving our evaluation. Based on the videos submitted by eurovison.tv, an unofficial evaluation will take place thursday this week. The evaluation, and votes, will be submitted to this blog as soon as possible. Hopefully also including a verbal description of all the contributions.

We have arranged YouTube-playlists complete with intro (te-deum) and a litre treat in the middle. You may find these on YouTube, or by following the links:

For the evaluation, we have made an evaluation form. This form you may open and print, but please share credit if choose to publicise it:
Good luck with your own unofficial evaluation!
Malta music video

screen dump from youtube

]]>
http://fjaera.com/?feed=rss2&p=250 0
Altinn – til inga nytte? http://fjaera.com/?p=203 http://fjaera.com/?p=203#respond Wed, 21 Mar 2012 21:54:08 +0000 http://fjaera.com/?p=203 Altinn er eit av dei største IT-prosjekta i offentleg sektor nokon sinne. Sidan lanseringa i 2003 har det etter kvart vakse til ei (alt for) stor teneste, som hjelp både privatpersonar, det offentlege og næringslivet med å rapportere til styresmaktene.

Det heile tok til i 2002 ved at SkatteetatenStatistisk Sentralbyrå og Brønnøysundregistrene gjekk saman for å lage ein nettportal for rapportering til styresmaktene. Bakgrunnen for dette var at undersøkingar synte at næringslivet brukte over 7000 årsverk på rapportering.

I juni i 2010 hadde 50 millioner enkeltskjemaer passert gjennom Altinn siden åpningen av portalen i desember 2003.*1

I dag (mars 2012) er det om lag 40 ulike statlege og kommunale etatar som nyttar Altinn til rapportering. Til saman er det om lag 700 skjema tilgjengeleg i Altinn. I portalen kan du gjere alt fra å sende flyttemelding til å signere gjeldsbrevet ditt frå Lånekassen.

Det seier seg sjølv at funksjonar som ikkje er tilstrekkeleg dimensjonert for all denne bruken, og som kanskje har kapasitetsproblem i utgangspunktet, ikkje kan klare den enorme etterspurnaden som kjem i dei dagane sjølvmeldinga vert lagt ut.

At alle tenestene som er tilgjengelege via Altinn går ned dei dagane linkninga vert offentleggjort er ikkje greit. Dette er verksemdskritiske tenester for dei som nyttar dei. At privatpersonar kanskje må vente ein dag eller to på å få levert likninga si er ikkje den heilt store krisa.

Personvern i krise

Tryggleiksbrotet som óg fann stad tysdag kveld er derimot krise. Det er skandaløst at andre brukarar kjem inn på startsida til ein annan brukar. Her må departementet syte for at det vert rydda opp. Giske, som ansvarleg statsråd, kan ikkje gøyme seg bak at hans departement ikkje har IKT-kompetanse.

Til inga nytte, eller?

Nei, Altinn er definitivt eit av dei mest vellukka offentlege IT-prosjekta nokon sinne. Det er også det største problemet til Altinn. Det har vakse raskare enn det ein klarar å byggje det ut. Ikkje berre i talet på brukarar, men også i kva for tenester som ein tilbyr. Altinn har unekteleg gjeve store innsparingar for båe næringslivet og offentleg sektor. Innsparingar som heller kan nyttast til andre ting, t.d. å auke byråkratiet elles.

Kva no?

Det Norske Veritas har gått gjennom altinn, og funne fleire kritiske feil og manglar. Bruk denne rapporten til å utbetre Altinn. Vidare utvikling må komme etter kvart som Altinn er klar for det. Det hjelp ikkje med ein superflott portal der ein kan gjere alt utanom å lage born, dersom den ikkje fungerer – eller endå verre, er feil.

Kjeldeliste

  1. altinn.no
  2. http://no.wikipedia.org/wiki/Altinn 
1881 spøker med Altinn

Screendump fra min iPad - for gøy

]]>
http://fjaera.com/?feed=rss2&p=203 0
Loreen vann Melodifestivalen http://fjaera.com/?p=197 http://fjaera.com/?p=197#respond Wed, 21 Mar 2012 21:10:48 +0000 http://fjaera.com/?p=197 LoreenDen svenske artisten Loreen vann soleklart den svenske Melodifestivalen den 10. mars. Loreen skal altså representera broderfolket i aust i den internasjoale finalen av Eurovision Song Contest i Baku i mai.

Klikk på lenkja under for å sjå Loreen sitt bidrag.

Loreen – Euphoria

]]>
http://fjaera.com/?feed=rss2&p=197 0
Eurovision Song Contest, 1st Semi Final http://fjaera.com/?p=152 http://fjaera.com/?p=152#respond Wed, 21 Mar 2012 19:53:37 +0000 http://fjaera.com/?p=152 Startrekkefølgjen til båe semifinalane i Eurovision Song Contest 2012, Baku, er no trekt. Startrekjefølgja er som følgjer:

  1. Montenegro
  2. Iceland
  3. Greece
  4. Latvia
  5. Albania
  6. Romania
  7. Switzerland
  8. Belgium
  9. Finland (wildcard)
  10. Israel
  11. San Marino
  12. Cyprus
  13. Denmark
  14. Russia
  15. Hungary
  16. Austria
  17. Moldova
  18. Ireland (wildcard)
I kvar semifinale (og finalen) er det to wildcard. Wildkard vil seie at ein trekkjer ut to land som fritt kan velje kva for plass dei vil ha. I første semifinale er det Finland og Irland som er wildcard. Etter wildcard-landa har vald sitt startnummer, vert plassane fyllt opp med dei andre deltakarlanda.
Alle bidraga kan du sjå i riktig rekkefølgje her: http://www.youtube.com/playlist?list=PL6AC1510AD4BC986B. Legg merkje til at du får ein startvignett og eit pauseinnslag.
]]>
http://fjaera.com/?feed=rss2&p=152 0
– Ein blågrøn vind med raudt i kasta http://fjaera.com/?p=122 http://fjaera.com/?p=122#respond Sat, 24 Sep 2011 00:55:56 +0000 http://fjaera.com/?p=122 – En blågrønn vind med rødt i kasta, var dei allereie kjende orda ein stolt John Opdal (H) ytra under pressekonferansen der han kunngjorde at Høgre, Venstre og Senterpartiet saman med Raudt har danna eit valteknisk samarbeid for å få fleirtal i kommunestyret i Odda. NyeOdda er vel også med, men sjølv om dei er store er dei likefult marginale.

Det at Raudt er med på å støtte eit blågrøn politisk leiing i kommunestyret er oppsiktsvekkjande. Det same er det faktum at Raudt får meir gjennsomslag for sin politikk på denne måten enn det dei har fått med Ap-styre dei fire siste åra. Ikkje desto mindre er det sers gledeleg. Raudt sine veljarar kan vera nøgde med dette resultatet. Ikkje berre fordi Raudt får gjennomslag for eitt av dei viktigaste politiske prinsippa sine, men også fordi det er med på å gje Raudt i Odda påverknad på område som er viktige. No seier rett nok Gard Folkvord (Ap) at Raudt har fått tilsvarande tilbod frå dei, men eg er viss på at Raudt også har ønskt eit maktskifte i Odda.

Ap-hegemoniet er over
Etter om lag 90 år med ordstyrar frå Arbeidarpartiet (avbrutt her og der av NKP) er det positivt med eit regimeskifte i Odda. Sjølv om Arbeidarpartiet er det udiskutabelt største partiet i kommunen, opplever dei ein tilbakegang. Dei har mista i overkant av 3 % av røystarane og eitt mandat i kommunestyret. Men dei har også mista ordføraren. Ikkje fordi Ap ikkje har god politikk eller færre røyster no enn tidlegare, men på grunn av ordføraren dei fire siste åra ikkje har makta å samla kommunestyret. Mangel på samling har gjeve lite samarbeid og samhandling. Difor har det  heller  ikkje skjedd noko i Odda dei siste åra. Ikkje noko som monner.

Det Odda treng er ein ordførar som har evna til å samle politikarane og skape samarbeid blant dei!

Ikkje overraskande er avtroppande ordførar Gard Folkvord kritisk til at han ikkje lenger får halde fram som ordførar. Uttalelsane han kjem med til NRK Hordaland tyder på at han ikkje heilt har sett kva som ikkje har skjedd i Odda. Folkvord går også hardt ut mot Raudt, og meiner at dei kjem til å tape på alliansen med Høgre. Det er mogleg, Gard, men dei har i allfall fått gjennomslag for ein viktigare sak no enn dei fekk med fire år med deg som fleirtalsleiar.

– Nei, jeg tror ikke det er nødvendig, sier han til NRK. Det er en balansegang mellom det å samle, og det å føre politikken i en bestemt retning.

Det Folkvord openbart ikkje har fått med seg er korleis det har gått med Odda sidan han tok over som ordførar. Sidan 2007 har 169 Oddingar meldt flytting frå Odda. Eg er ein av dei. Det å hevde at Folkvord kan ha blitt oppfatta som arrogant er neppe å ta for hart i. Det har han tapt på. Den førre ordføraren frå Arbeidarpartiet, Toralv Mikkelsen (99-07), mista 487 Oddingar. Det kan forklarast med at Odda Smelteverk la ned produksjonen i denne perioden. Folkvord sitt tap kan derimot ikkje forklarast like enkelt. Den viktigaste grunnen, trur eg, er mangel på etablering av varige arbeidsplassar. Som ein kan sjå av grafen under, gjekk talet på ledige ned i slutten av Mikkelsens periode. Samstundes vart også utflyttinga bremsa noko. Sidan 2007 har arbeidsløysa auka, men utflyttinga var lågare ein periode, men i 2010 er den tilbake på pre 2007-nivå.

Registrert arbeidsløyse i Odda 1999-2010 (Kjelde: Statistisk sentralbyrå)

UNESCO og Smelteverket
UNESCO er – etter mi meining – det beste alternativet for Smelteverkstomta. Mykje av det som står att på området er unikt i verdssamanheng, og det er vår plikt å ta vare på det. Det er dette som har vore med å skape Odda – på godt og vondt. Industrien skremde turismen bort på starten av 1900-talet. Den tok over Odda. Den har fått Odda til å vakse. Industrien er det moderne Oddas historie. Odda må heidre den. Vera stolte av den. Odda var med på å byggje landet. Det er noko å vera stolt av! Faen, Odda har vore med på å byggje verda. Oddaprosessen er verdskjent. Den vart utvikla i slutten av 20-åra på Smelteverket. Prosessen er framleis i bruk av fleire store føretak, primært i Europa.

Korleis det var å arbeide på Smelteverket, produksjonsmetodar og arkitektur har ei interesse utanfor Odda. Det har ei interesse for verda. Difor må delar av Smelteverket takast vare på, og gjerast om til noko menigmann kan vitje. Eg gler meg til å kunne få lov til å vitje det som under heile min oppvekst har vore forbode område.

Det å tru at alt kjem til å bli så mykje betre dersom ein byggjer eit badeland eller kjøpesenter på smelteverkstomta er som å tru på nissen. Det kjem ikkje til å sjå. Dersom ein flyttar næringsverksemder frå andre delar av Odda til smelteverkstomta, kjem andre delar av sentrum til å vera daudt. Det er ikkje ein stor nok marknad til å totalt berre å auke næringsverksemda. Aktivitet på smelteverkstomta må også vera av verdiskapande art. Det kan også etablerast ein del tenesteytande verksemder, men dei må hovudsakleg rette seg mot verksemdsmarknaden. Det hadde heller ikkje skada å fått ein del offentlege arbeidsplassar til tomta.

Det er ikkje ofte eg siterer Gro Harlem Brundtland, men då ho var på besøk i Odda sa ho mellom anna

Tenk positivt, bruk Odda!

og akkurat det har vel aldri vore så viktig som det er no. Odda! Bruk det de har! Sjå på Notodden. Dei har klart å kombinere mykje gammal industri med ny industri og ein del nyvinning.

Er Odda historie?
Eg har veldig lyst til å seia nei, men statistikken ser dyster ut. Med eit negativt fødselsoverskot og negativ folketilvekst sidan 80-talet er det ikkje mykje som tyder på at Odda kan klare seg. Med mindre det skjer noko.

Graf som syner folkemengda, folketilveksten, fødelsoverskotet og nettotilflytting for Odda 1951 - 2011

Folkemengd, folketilvekst, fødselsoverskot og nettotilflytting til Odda 1951-2011 (Kjelde: Statistisk sentralbyrå)

Befolkingsframskriving for Odda kommune 2015-2040 (Kjelde: Statistisk sentralbyrå)

Kven er Odda?
Odda er gamlingar. Grafen under viser demografien i Odda per 2001. Den er ti år gammal, men det er den nyaste som er tilgjengeleg på Statistisk sentralbyrå sine internettsider, ssb.no. Oddingen er sutrete. Oddingen føler seg svikta av storsamfunnet. Det kan vera noko sant i det. Spørsmålet er om Odda har klart å bruke dei sjansane dei har fått. Til det spørsmålet vil eg inntil vidare svare nei på. Eg har tru på at det kan skje mykje framover.

Oddingen har vore modig. Oddingen har stemt nytt. Bygdelista, NyeOdda, går jamt oppover sidan førre kommuneval. Partiet er ikkje lenger ein marginal aktør i kommunen, sjølv om eg oppfattar dei som det. Høgre er større enn på lenge, og har no fått ordføraren. Eg trur ein kan seie at Oddingen er desperat. Desperasjon fører ofte til nye tankar og grep.

Demografisk fordeling i Odda (Kjelde: Statistisk sentralbyrå)

Kva skjer framover?
Det er vanskeleg å spå om framtida, men eg skal freiste meg likevel.

Det kjem til å gå nedover med Odda ei stund framover. Kommunen kjem til å byggje fleire og fleire sjuke- og aldersheimsplassar. Denne enorme utbygginga tek etter kvart knekken på kommunekassa. Denne negative utviklinga held fram heilt til Haukelibana kjem, og gjer det mogleg å dagpendle mellom Odda og Bergen/Oslo. Oddingen vil kanskje meine at det er lenge å reise heilt til Oslo for å gå på jobb, men det vil vere mogleg. Det er overraskande mange som i dag reiser mellom Lillehammer/Larvik og Oslo. Det er ein togtur på 2-2,5 timar.

Haukelibana binder aust og vest saman på ein måte som ein ikkje har sett sidan Bergensbana. Den gjer det mogleg for Oddingar (og andre) å bu der det kan vera attraktivt å bu, og arbeide der det er atraktivt å arbeide.

Dette innlegget er skrive som privatperson av ein utflytta odding som er glad i hemplassen sin, men som ikkje kan sjå for seg å flytte tilbake med det første. Den skildrar og omtalar Odda slik forfattaren opplever Odda i dag. 

]]>
http://fjaera.com/?feed=rss2&p=122 0