Altinn – til inga nytte?

Altinn er eit av dei største IT-prosjekta i offentleg sektor nokon sinne. Sidan lanseringa i 2003 har det etter kvart vakse til ei (alt for) stor teneste, som hjelp både privatpersonar, det offentlege og næringslivet med å rapportere til styresmaktene.

Det heile tok til i 2002 ved at SkatteetatenStatistisk Sentralbyrå og Brønnøysundregistrene gjekk saman for å lage ein nettportal for rapportering til styresmaktene. Bakgrunnen for dette var at undersøkingar synte at næringslivet brukte over 7000 årsverk på rapportering.

I juni i 2010 hadde 50 millioner enkeltskjemaer passert gjennom Altinn siden åpningen av portalen i desember 2003.*1

I dag (mars 2012) er det om lag 40 ulike statlege og kommunale etatar som nyttar Altinn til rapportering. Til saman er det om lag 700 skjema tilgjengeleg i Altinn. I portalen kan du gjere alt fra å sende flyttemelding til å signere gjeldsbrevet ditt frå Lånekassen.

Det seier seg sjølv at funksjonar som ikkje er tilstrekkeleg dimensjonert for all denne bruken, og som kanskje har kapasitetsproblem i utgangspunktet, ikkje kan klare den enorme etterspurnaden som kjem i dei dagane sjølvmeldinga vert lagt ut.

At alle tenestene som er tilgjengelege via Altinn går ned dei dagane linkninga vert offentleggjort er ikkje greit. Dette er verksemdskritiske tenester for dei som nyttar dei. At privatpersonar kanskje må vente ein dag eller to på å få levert likninga si er ikkje den heilt store krisa.

Personvern i krise

Tryggleiksbrotet som óg fann stad tysdag kveld er derimot krise. Det er skandaløst at andre brukarar kjem inn på startsida til ein annan brukar. Her må departementet syte for at det vert rydda opp. Giske, som ansvarleg statsråd, kan ikkje gøyme seg bak at hans departement ikkje har IKT-kompetanse.

Til inga nytte, eller?

Nei, Altinn er definitivt eit av dei mest vellukka offentlege IT-prosjekta nokon sinne. Det er også det største problemet til Altinn. Det har vakse raskare enn det ein klarar å byggje det ut. Ikkje berre i talet på brukarar, men også i kva for tenester som ein tilbyr. Altinn har unekteleg gjeve store innsparingar for båe næringslivet og offentleg sektor. Innsparingar som heller kan nyttast til andre ting, t.d. å auke byråkratiet elles.

Kva no?

Det Norske Veritas har gått gjennom altinn, og funne fleire kritiske feil og manglar. Bruk denne rapporten til å utbetre Altinn. Vidare utvikling må komme etter kvart som Altinn er klar for det. Det hjelp ikkje med ein superflott portal der ein kan gjere alt utanom å lage born, dersom den ikkje fungerer – eller endå verre, er feil.

Kjeldeliste

  1. altinn.no
  2. http://no.wikipedia.org/wiki/Altinn 
1881 spøker med Altinn

Screendump fra min iPad - for gøy

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *