Byen som eg kjente som min…

Byen som eg var så glad i har no i stor grad blitt øydelagt. Kva som får 187 færre til å bruke røysteretten ved dette valet enn ved førre kommunestyreval er utanfor kva det eg maktar å forstå. At heile 231 menneske i Odda har røysta på Demokratene gjer meg vondt. Demokratene skriv på heimesida si, www.demokratene.no, (mellom anna) dette om innvandring:

“Milliarder av fattige vil derfor søke å bedre sine levevilkår ved å flytte til rike vestlige land. Masseinnvandring til vestlige land vil medføre betydelige problemer, som det er vanskelig å løse. Det blir flere til å dele på all realkapitalen, som veier, bygninger, skoler osv, på, samt flere til å dele råvareinntekter som olje, gass og fisk.”

Som om dette ikkje vitnar nok om kva for syn partiet har på andre menneske, så held dei fram med følgjande godbitar:

  1. asylsøkere skal oppholde seg i kontrollerte mottak inntil søknadene er ferdigbehandlet – Korkje asylsøkere eller andre innvandrarar gjer noko straffbart ved å komme til landet vårt. Difor er det ikkje riktig at dei skal behandlast som kriminelle. Det er også destruktivt å gå utan noko å gjera innelåst i ein leir.
  2. ordningen med å gi asylsøkere opphold på humanitært grunnlag oppheves eg føler at det ikkje er naudsynt med noko kommentar her. 
  3. alle asylsøkere testes for HIV for å forebygge spredning av Aids, og det skal tas DNA-prøve av samtlige asylsøkere, som registreres i det nasjonale DNA-registeret – Kvifor skal dei som kjem til landet vårt absolutt behandlas som kriminelle? Vi tek heller ikkje prøvar for HVI/Aids for alle som går ut av ungdomsskulen. 
  4. utlendinger som begår grov voldskriminalitet skal utvises, selv om opprinnelseslandet praktiserer dødsstraff – Demokratene skriv i sine prinsipp at dei er bygd på mellom anna menneskerettane. Dette vitnar ikkje om det.
Dette er jo festlig. Rett nok er ikkje dette saker som er relevante i lokalval, men for meg er dette nok av grunnar til å ikkje røyste på dei. At Demokratene i Odda også er i mot UNESCO og å skape liv på dei verna områdene på Smelteverkstomta er nok ein grunn til å ikkje gje dei ei røyst. Det som må skje på Smelteverkstomta er at den blir levande. Den blir ikkje levande ved å rive alt som er der! Det vil vera mogleg å skape liv på området dersom ein slår saman det nye med det gamle. Det vil vera råd å bruke fleire av dei eksisterande bygningane til næringsverksemd.

Det var glade unge år som eg hugser som igår – i den byen som eg kjente som min.

Det Odda eg hugsar var verdt å kjempe for. Det var verdt å bevare og utvikle. I dag er eg ikkje sikker på om eg meiner det same. Odda må kunne bruke Smelteverkstomta til noko bra. Kombiner bevaring og utvikling. Det er mogleg. Det er allereie gjort på tomta. Bevar det som er verdt å bevare, og vis det fram. Odda er ikkje historie, men Oddas historie er viktig!

Bruk historien om Odda til å unngå at Odda blir historie!

Deserted Odda smelteverk Photo by: Bjarte Leivestad

Photo by: Bjarte Leivestad

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *